I fjor var meir enn 80 000 frivillige i Den norske kyrkja.
Hurra for alle frivillige! |
I fjor var meir enn 80 000 frivillige i Den norske kyrkja. Fredag 5. desember er den internasjonale dagen for frivilligheit. Det er ei påminning om å hugse å takke og feire alle som gjer ein frivillig innsats i kyrkja vår.
Mange kyrkjetilsette har god kompetanse og erfaring med samarbeid, samhandling og leiing av frivillige. Det kan vere både krevande og givande på same tid. Vil du lære meir om korleis de kan utvikle det frivillige arbeidet i kyrkjelyden, kan du til dømes sjå modulbasert opplegg i ressursbanken knytt til utvikling av dette.
I ressursbanken finn du også opptak av webinar, fordjupningsartiklar og lenke til verktøykasse for frivilligheit. |
|
|
| Nytt om rapportering i Kyrkja vår |
Frå 1. januar gjeld nye retningslinjer for tilskot knytt til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk i domkyrkjene. Det betyr også endringar i rapporteringsrutinene. Planlagde aktivitetar må vere registrert innan 31. januar 2026. Sjå også opptak av webinar her. |
|
|
| Nytt designverktøy for tilsette |
Over nyttår vert Adobe Express introdusert som eit nytt designverktøy for alle tilsette i Den norske kyrkja. Det er eit brukarvennleg, fleksibelt og rimeleg verktøy som gjer det enklare og raskare å lage gode design – både i digitale kanalar og i trykksaker – i tråd med den grafiske profilen til kyrkja. |
|
|
| Vil forske på eigne gudstenestefellesskap for unge |
Kyrkjerådet og Kyrkjemøtet har vedteke å satse på unge og unge vaksne. For å få auka kunnskap og samle erfaringar knytt til gudstenestefellesskap blant unge vaksne, vil Kyrkjerådet ha med forskarar som kan forske på dette. |
|
|
|
No er det digitale kurset "Kirken skaper trygge rom" tilgjengeleg i læringsplattforma kurs.kyrkja.no. Kurset er utvikla for alle tilsette i Den norske kyrkja, og handlar om korleis ein kan møte LHBT+-personar med respekt og omsorg – både kollegaer og medlemmer i kyrkjelyden. |
|
|
| Allmøteopptak: – Det vert medarbeiderundersøking i mars |
I førre veke var det allmøte for alle tilsette i Den norske kyrkja. Her var det info om at det blir medarbeiderundersøking i mars. Les meir her. Andre tema på allmøtet var om barnehagevandring, opa julefeiring og påminning om fristar før nyttår. I tillegg vart to nye leiarar i kyrkja presentert. |
|
|
| Nynorsk omsetjing av plan for kyrjeleg undervisning og læring |
No har plan for kyrkjeleg undervisning og læring , overordna del, kome i nynorsk utgåve på ressursbanken. Det er og mogleg å ta kontakt med Kyrkjerådet for å få ei utskriven utgåve. Planen er Den norske kyrkja sin plan for livslang læring, som vart vedteke av Kyrkjemøtet i 2024. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Sjå Stig Lægdene bli vigsla til biskop |
På søndag vert Stig Lægdene vigsla til biskop i Nord-Hålogaland bispedøme. Gudstenesta vert strøyma digitalt, så du kan sjå den direkte eller i opptak når det passar deg. |
| Kyrkja sitt bidrag til fred |
– Vårt menneskelege engasjement for alle som lir bør vere like stort, uansett kven det er snakk om. Det sa utanriksministeren på Mellomkyrkjeleg råd sitt seminar om kyrkja si rolle i fredsarbeid, i førre veke. |
| I førre veke vedtok Mellomkyrkjeleg råd ei fråsegn om fred, rettferd og menneskeverd i ei uroleg tid. – Vi lever i ei uroleg verd, og vi ynskjer å seie og halde fast på at fred er mogeleg, seier MKR-leiar Kristine Sandmæl. |
|
|
|