Til alle tilsette i Den norske kyrkja (etter liste over registrerte i ANSORG)
Kopi til Kyrkjemøtets medlemer og Hovudorganisasjonen KA
Liturgisk farge fiolett
I og med at det er nasjonal sørgeperiode i Noreg, tilrår Kyrkjerådet at ein bruker liturgisk farge fiolett i søndagens gudsteneste. Kvar kyrkjelyd tilpassar dette slik at ein tek omsyn til kyrkjelege handlingar som til dømes konfirmasjon eller vigsling. Ressursar til gudstenesta er å finne på . Ein kan nytta heile eller deler av ressursmaterialet, og tilpassa lokale forhold.
Tillatt med storskjerm
Gravferd for kong Harald blir halde i Oslo domkyrkje onsdag 9. september kl. 13. Alle kyrkjelydar som vil, kan invitere inn til å sjå gravferda saman på storskjerm. Det er ikkje lov å ta betalt for dette, eller ha krav om å kjøpe noko for å sjå gravferda. Om det er spørsmål rundt visning på storskjerm, ta direkte kontakt med NRK.
Sjå allmøte frå torsdag 3. september
Det vart sendt allmøte torsdag kl. 0930, med meir informasjon om musikk i gravferd, om ressursar til barn og unge og om liturgi. Allmøtet kan du sjå her
Helsing frå preses
I allmøtet helste preses Olav Fykse Tveit alle tilsette og frivillige som står på i desse spesielle dagane.
«I slike tider ser vi tydeleg kva kyrkja er og kan vere: ein stad å kome til, ein stad å vere stille, tenne lys og be – og ein stad der vi kan bere sorga saman. Sidan dødsbodskapen kom, har kyrkjer over heile landet opna dørene. De har lagt fram kondolanseprotokollar, vore til stades for samtalar og gitt menneske rom til å minnast og ta avskil.
Allereie på dødsdagen ringde kyrkjeklokkene over heile landet i ein time. Klokkene sette lyd til den felles sorga vår. Samstundes minner dei oss om Guds nærvær på jorda og om håpet om eit liv etter døden.
…
Eg vil difor seie ei varm og stor takk til kvar og ein av dykk. De har gitt menneske rom for sorg og takksemd, for fellesskap, trøyst og håp. Det er ei viktig teneste for kyrkja, for lokalsamfunna våre og for heile landet.
Guds signe dykkar arbeid, og måtte Gud bevare landet vårt.»
Høyr heile helsinga i opptak frå allmøtet
Ole Edvard Wold-Reitan, Emil Tan Engeset,
direktør i Kyrkjerådet kommunikasjonsdirektør