No er det fleire stimuleringsmidlar frå Kyrkjerådet tilgjengelege for tiltak som fremjar inkludering, fellesskap og deltaking i kyrkja!
Søk om støtte til inkludering, fellesskap og deltaking |
No er det fleire stimuleringsmiddel frå Kyrkjerådet tilgjengelege for tiltak som fremjar inkludering, fellesskap og deltaking i kyrkja!
Fram til 12. november kan du søkje om støtte til kompetanseheving om funksjonshemma sine rettar, og bruk av ressursen Meininga med meg. To utlysingar har frist 1. desember, støtte til sommarjobb for ungdom og fellesskapstiltak for unge vaksne. Den økonomiske støtta skal bidra til å styrkje lokalt arbeid og engasjement. Det er enkelt å søkje. Har du eit tiltak på gang, eller ein idé i magen – send inn ein søknad! |
|
|
|
Denne helga var nær 40 unge kyrkjedemokratar samla til sitt årlege kyrkjemøte. Her foreslo dei mellom anna mobilfrie arrangement, betre offentleggjering rundt kva kyrkja gjer for klima, og at What would Jesus do, WWJD, inspirerar nye generasjonar. Dei valde også fokussak på neste UKM: |
|
|
| Preses besøkte Ukraina i solidaritet og fellesskap |
Kyrkeleiarar frå Norden besøkte i førre veke Ukraina. Dei sit igjen med sterke inntrykk. – Vi ynskjer å styrke banda mellom kyrkjene i Norden og kyrkjene i Ukraina i vår tid, forklarar preses Olav Fykse Tveit. |
|
|
| Ressursar klare til allehelgen |
2. november er det helgemesse, også kalla allehelgen. Alt det gode arbeidet som skjer i kyrkjelydane denne helga bør få god merksemd. I ressursbanken ligg idear og ressursar rundt dette, som lyshaldarark, plakatar til "kaffe og prat på gravplassen", nye bilete til "førstehjelp ved sorg" og videoar og tekstar til bruk på nett. |
|
|
| Sanning og forsoning i kyrkjeleg utdanning |
Den norske krykja og dei kyrkjelege utdanningsinstitusjonane har ei sjølvstendig rolle i oppgjeret med fornorskingspolitikken. Dette er noko av temaet på konsultasjon i Oslo i november. Kyrkjerådet samarbeider med KIFO, MF, NLA, TF og VID. Påmelding innan 15. oktober. |
|
|
| Gudstenestemateriell til TV-aksjonen 19. oktober |
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen, som støttar menneske med funksjonsnedsettelsar i mange land: Skule, helse, naudhjelp og hjelpemiddel som rullestol, protese og punktskrift. I ressursbanken finn du salmeforslag, forbønsformulering og inspirasjon til preika denne sundagen. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
I veke 43 er alle kyrkjetilsette invitert til å vere med å telje samtlege besøkande i kyrkja sine lokale. Sjå spørsmål og svar i ressursbanken. |
|
16. oktober vil preses Olav Fykse Tveit på vegne av Den norske kyrkja seie unnskyld til skeive. Unnskyldinga vert strøyma direkte. |
|
Er vi budd på eit alvorleg driftsbrot eller cyberangrep? Oktober er nasjonal tryggleiksmånad – også i Den norske kyrkja. I år er temaet digital beredskap, og du bør ta kurs for å lære meir. |
|
|
|