Våren er høgtid for å snakke om konfirmasjon. Mange kyrkjelydar er allereie godt i gang med å promotere kyrkjeleg konfirmasjon.
Er nettsida oppdatert om konfirmasjon? |
Våren er høgtid for å snakke om konfirmasjon. Mange kyrkjelydar er allereie godt i gang med å promotere kyrkjeleg konfirmasjon.
I går starta dei betalte annonsane for konfirmasjon i Den norske kyrkja. Dei går i nett-TV, nettaviser, YouTube og Snapchat – retta mot både ungdommar og vaksne. Det vil vere annonsar heilt fram til juni.
Annonsane oppfordrar alle til å utforske lokal nettside for informasjon. Har din kyrkjelyd oppdatert informasjon om konfirmasjon? Finn sjekkliste til arbeidet med nettsider og les meir om innhaldet i annonsene på ressursbanken. |
|
|
|
Korleis såg ein influensar ut for tusen år sidan? Eit nytt undervisningsopplegg gjer nye generasjonar kjent med fire sterke påverkarar, Olav den Heilage, Hans Nielsen Hauge, Cathinka Guldberg og Annie Skau Berntsen. Ressursane kan nyttast i samarbeid med skulen eller andre, og er tilgjengeleg for alle. |
|
|
| To konferansar, mogleg stipend |
21. oktober er det først ein dag med konferansen "Tro, håp og undring" om kyrkjeleg undervisning og læring. Dagen etterpå er det mogleg å delta på HEL-konferansen, med stipendstøtte frå KA, for dei som deltek på begge konferansane. |
|
|
|
11.–14. februar 2027 er samiske konfirmantar frå heile landet invitert til samisk konfirmantleir. Leiren er gratis og går føre seg på Laberget leirsted i Skogn, i sørsamisk område. Her får deltakarane møte andre samiske ungdommar, bli kjente med kvarandre og oppleve eit fellesskap der det er plass til å vere samisk. |
|
|
| Gjer KI til eit trygt arbeidsverktøy |
Tydelege retningslinjer og meir opplæring er naudsynt for at kunstig intelligens (KI) kan nyttast trygt i ein kyrkjekvardag. – KI vil kunne hjelpe oss mykje, men vil aldri erstatte menneskeleg kompetanse i kyrkja, seier digitaliseringsdirektøren. |
|
|
Webinar: Korleis søke om innovasjonsmidler diakoni? |
I samband med at Kyrkjerådet lyser ut innovasjonsmidler for å stimulere til nyskaping, samskaping og kunnskapsutvikling i kyrkjelydane sitt diakonale arbeid, er du invitert til dette nyttige webinaret. Her får du innsikt i kva som er kjenneteiknet på eit godt prosjekt, og du får tips til korleis skrive en god søknad. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Sivile betaler prisen i Libanon |
Massiv bombing og over éin million menneske på flukt gjer Libanon svært sårbart. Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp ber om våpenkvile, vern av sivile liv og auka humanitær innsats. |
|
Søndre Aker prosti i Oslo er det fyrste prostiet der samtlige tilsatte har teke e-læringskurset "100% MED" fra KABB. Kurset er laga for å hjelpe tilsatte og frivillige i kyrkja til å skape et ikkje-ekskluderande miljø for menneske med funksjonsnedsettingar. |
| Overraska alle med dåp og bryllaup samtidig |
Gjestane var invitert til barnedåp, men i kyrkja venta enda fleire grunnar til å feire. Les historia om Jenny og Henriks om overraska vener og familie med dåp og bryllaup på same tid. |
|
|
Du mottek dette nyheitsbrevet fordi du er tilsett i Den norske kyrkja.
Dersom du kjenner til andre som kan ha nytte av nyheitsbrevet, kan dei melde seg på her. |
|
|
|