I morgon er det digitalt allmøte for alle kyrkjetilsette. Her får du mellom anna høyre får Eidsvåg sokn i Bergen som var med på telleveke i fjor, og skal vere med i år også.
Allmøte: Digital dømmekraft og telleveke |
I morgon er det digitalt allmøte for alle kyrkjetilsette. Her får du mellom anna høyre får Eidsvåg sokn i Bergen som var med på telleveke i fjor, og skal vere med i år også.
På allmøtet vil det også verte snakk om digital dømmekraft, som er temaet for årets sikkerheitsmånad i oktober. Du vil også få informasjon om rammer for skulegudstenester og inspirasjon til å markere helgemesse, allehelgen.
For dei som har velfortent haustferie, er det sjølvsagt mogeleg å sjå allmøtet i opptak. Både direktesending og opptak av allmøtet vert publisert på ressursbanken.no/allmøte. |
|
|
|
| Søk støtte til kyrkjebevaring |
No er det mogleg å søke tilskot frå Kyrkjebevaringsfondet. I tillegg til istandsetjing av kyrkjer, er det mogleg å søke om støtte til opplæring av handtverkarar, kurs, utdanningstilbod, kunnskapsutvikling og andre tiltak som styrkjer den antikvariske kompetansen hos kyrkjeeigarar. |
|
|
| | Aktivitetsplanar utan innlogging |
No er det enda enklare for soknerådet å følgje med på og handsame aktivitetsplanane som ligg samla i Kyrkja vår. Ein ny funksjon gjer det mogleg å distribuere planane med ei lenke, slik at ein kan lese planane utan å logge inn i løysinga. |
|
|
|
| Slik kan du fikse ei slitt salmebok |
Jamn og god bruk av Norsk salmebok set sine spor. Men det er pengar å spare på å reparere boka profesjonelt på eiga hand. Og eitt enkelt tips for oppbevaring kan forlenge levetida. |
|
|
|
|
Torsdag 29. oktober vert det digital fagdag for Likestilling, inkludering og mangfald. Planlegg dagen allereie no med å halde av tida, bestille mat og avklar kven som leier samlinga. |
|
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
|
Bli med på å telle i veke 42 og 43 |
I oktober vert det telleveker. Her er alle invitert til å vere med å telje kor mange som er innom kyrkja og ulike aktivitetar gjennom ei eller to veker. I ressursbanken ligg telleskjema og andre ressursar klare. |
|
| Frarår bruk av KI-briller |
Kyrkjerådet frarår å bruke KI-briller og andre einingar som kan ta opp lyd eller bilete utan at det er tydeleg for omgjevnadane. |
|
| Gravferd for prinsesse Astrid |
I førre veke vart Noregs førstedame gjennom fjorten år, prinsesse Astrid, fru Ferner, bisett frå Ris kyrkje i Oslo. |
|
|
|
Du får dette nyheitsbrevet fordi du er tilsett i Den norske kyrkja. |
|
|
|
|