Den norske kyrkja si "Min side"-løysing er lansert med oppdatert design, fleire funksjonar og trygg innlogging.
Den norske kyrkja si "Min side"-løysing er lansert med oppdatert design, fleire funksjonar og trygg innlogging. Sida har vorte enklare, meir tilgjengeleg og betre tilpassa mobilskjerm. – Eit viktig skritt på vegen til å gjere kyrkja meir tilgjengeleg. Målet er meir samanhengande tenester, mindre dobbeltarbeid og tryggare handtering av data, seier digitaliseringsdirektør Magnus Hvalvik.
På Mi side kan medlemmer logge inn, administrere medlemskapet, få oversikt over gåver rapportert til Skatteetaten, melde seg på informasjon til born som ikkje er døypt og sjå arrangement i nærleiken. På sikt kjem også fleire funksjonar som påmelding, frivilligheit og medlemsoppfølging. |
|
|
| Biskop-nominasjon i Stavanger |
I førre veke nominerte Stavanger bispedømeråd fem kandidatar til ny biskop i bispedømet. Seinare i vår vert det rådgjevande avstemming før Kyrkjerådet skal tilsetje ny biskop 21. mai. Her ser du bilde av dei fem, og i lenka kan du lese meir om dei fem kandidatane. |
|
|
| Synleggjering som gjev resultat |
Det er fastetid og fasteaksjonen er rett rundt hjørnet. I desse dagar er mange kyrkjelydar i godt arbeid med å synleggjere aksjonen. La deg bli inspirert av engasjementet til kyrkjene i Kvinnherad, Orkland og Namsos på fasteaksjonen.no! |
|
|
| 208 kyrkjer får tilskot frå Kyrkjebevaringsfondet |
I år kan det bli utbetalt ein halv milliard kroner til kyrkjebevaring. Rekordmange 374 søknadar kom inn, og Trefoldighetskyrkja i Oslo får det største enkelttilskotet. Sjå saka under og finn ut om det er ei av kyrkjene "dine" som får tilskot i år. |
|
|
| Den norske kyrkja i det livssynsopne samfunnet |
Kyrkjerådet har vedteke ti mål for folkekyrkja i eit livssynsope samfunn. Saman med ein eigen rapport og spørsmål til refleksjon, ligg alt til rette for ein god samtale mellom tilsette, frivillige og folkevalde om folkekyrkja si rolle. |
|
|
| Følg Teologidagene digitalt |
På torsdag og fredag vert Teologidagane arrangert i Oslo. Temaet er "Ordet". Påmeldingsfristen var 1. mars, men det er mogeleg å følgje programmet digitalt! Sjå lenke til program og strøyming her. |
|
|
26. mars kl. 10.00: Kommunikasjonswebinar om konfirmasjon
Rett etter påske er det felles kommunikasjonskampanje om konfirmasjon. På webinar 26. mars kan du få ei oppdatering på kommunikasjonsarbeidet, lære av andre sine erfaringar og få oversikt over tilgjengeleg ressursmateriell til kommunikasjonsarbeidet. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Kritisk utvikling i Midtausten |
– Tenn lys og be om rettferd og fred, seier generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd etter dei siste angrepa. |
| Har du ikkje motteke medarbeiderundersøkinga? |
Den norske kyrkja si felles medarbeiderundersøking starta i går. Fekk du den ikkje? Då bør du sjekke om du er i målgruppa – og eventuelt ta kontakt med HR-avdelinga i Kyrkjerådet.
| | Så langt er over 20 påmeldt til å gå "Kirken på Birken". Med ei eiga rabattkode er det framleis mogeleg å kaste seg med i siste liten. Kyrkjeverjen i Lillehammer gler seg, og håpar nokon fleire vil vere med. |
|
|
Høyring om "Biskopenes egnethetskriterier og revidert innretning av programmet Veien til vigsling" - Høyringsfrist er 27. mars
- Les meir og delta i høyringa her |
| |
|
|