– Det er fantastisk at så mange kyrkjer har vore opne for bryllaup på valentinsdagen, og at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene for å feire kjærleiken, seier Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet.
– Det er fantastisk at så mange kyrkjer har vore opne for bryllaup på valentinsdagen, og at så mange par ville kome for å feire kjærleiken, seier kyrkjerådsleiar Harald Hegstad.
Over 400 par gifta seg på valentinsdagen i Den norske kyrkja. Mange hadde meldt interesse og avtalt tidspunkt på førehand, medan andre par droppa innom.
Sheeba Irudayam som er prest i Mariakirken i Bergen, var blant dei som via par på valentinsdagen. Ho fortel om ein veldig fin dag i kyrkja og mange rørande historier frå para.
– Alle har teke eit reflektert val om å gifte seg. Det er vakkert å få lov å vere med på. Nokre par kom åleine, og hadde dermed bruk for vitner, og då stilte kyrkja opp! Det seier noko om det utvida fellesskapet vårt. |
|
|
| Den norske kyrkja er til stades både i Forsvaret og i Heimevernet. I samband med Totalforsvarsåret besøkte preses og Hamar-biskop Heimevernet. |
|
|
| Klar for misjonsaksjon i 2026 |
For sjette år på rad går kyrkjer i Noreg saman om å setje misjon i fokus gjennom aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda". Aksjonen er frå Kristi himmelfartsdag til jonsok. Sjå ressursar og materiell i ressursbanken.
|
|
|
| Ny rapport om trusutøving for menneske med demens |
Korleis kan kyrkja legge til rette for at personar med demens kan utøve trua si? Det har sjukeheimsprest Anna Dalaker forsøkt å svare på i ein ny studie om preste-tenesta på sjukeheim. |
|
|
|
Fastetida startar snart – og planlegginga av påska er godt i gang i mange kyrkjelydar. I ressursbanken finn du materiell som kan nyttast i arbeidet med å kommunisere soknet sine planar i påska. Her er video, bilete og tekst – og seks forslag til kva du kan tipse lokalavisa om. |
|
|
| 29. oktober vert det LIM-fagdag |
LIM står for likestilling, inkludering og mangfald og i oktober inviterer Kyrkjerådet til digital fagdag om temaet. Dagen er særleg relevant for HR-ansvarlege, leiarar, tillitsvalde, men alle tilsette er velkomne. Fagdagen gjev konkrete verktøy til systematisk LIM-arbeid og merksemd rundt rasisme og kvardagsdiskriminering. |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Glede og mismot i Det heilage land |
– Sterkt å kome hit for første gong, seier Oslobiskop Sunniva Gylver. Saman med generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd vitja ho den palestinske systerkyrkja i Jordan og Det heilage land i januar. |
| Ny forsking om prestar med innvandringsbakgrunn |
Ein kvalitativ studie frå KIFO gjev ny innsikt om korleis ti prestar med minoritet- eller innvandringsbakgrunn opplev Den norske kyrkja som arbeidsplass. |
|
Kvart år er mange konfirmantar med på fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, og det er ein del av kyrkjelyden sitt diakonale, internasjonale engasjement. KN har gode ressursar til både førebuing og gjennomføring. |
|
|
Høyring om Biskopenes egnethetskriterier og revidert innretning av programmet veien til vigsling
Høyringsfrist er 27. mars 2026. Les meir og delta i høyringa her
|
|
|
|
|