På søndag 21. juni vert Skogfinnenes dag markert! Skogfinnane har vore i Noreg sidan 1600-talet, men denne dagen vart markert første gong i 2023.
På søndag 21. juni vert Skogfinnenes dag markert! Skogfinnane har vore i Noreg sidan 1600-talet, men denne dagen vart markert første gong i 2023. Å markere denne dagen inngår i Den norske kyrkja sin handlingsplan for sanning og forsoning.
Den norske stat sin fornorskingspolitikk fekk store negative konsekvensar for skogfinnane. Som statskyrkje var også kyrkja med på dette. Som ein del av kyrkja sitt arbeid med sanning og forsoning vert det i år presentert ein ny rapport om skogfinsk spiritualitet og kyrkjeliv.
I ressursbanken er det ressursar til inspirasjon og bruk i lokal markering. |
|
|
|
| Preses: – Ikkje gjer skeive til ei sak |
I fjor sa Den norske kyrkja unnskyld til skeive. No minner preses Olav Fykse Tveit om belastninga som Pride-merksemd kan påføre skeive. Han oppmodar alle til å vere medvitne korleis vi møter kvarandre. Det gjeld også på arbeidsplassen. |
|
|
| | Digital tryggleik på reise |
Å reise til utlandet inneber auka digital risiko. Når du tek med deg mobil, nettbrett eller data ut av landet, vert både du og kyrkja utsett for eit meir krevjande trusselbilete. Les gode råd for digital tryggleik i utlandet i sommar. |
|
|
|
|
I sommar skal Den norske kyrkja vere til stades på Skjærgårds for å snakke med ungdom om jobb i kyrkja. Er du eller ungdommar frå kyrkjelyden på Skjærgård i juli? Velkomen om innom det knall raude standteltet! |
|
|
|
| Sommar-lytting: Frivilligheit |
Bergen kyrkjelege fellesråd gjev ut podkasten Frivillighetspodden, som er perfekt lyttestoff i sommar. Det er ein podkast der du kan få fagleg påfyll om frivillig innsats i kyrkjelyden. |
|
|
|
|
Suksess for konfirmantkampanje |
Den felles konfirmasjonskampanjen våren 2026 har levert godt, både sosiale medium, med annonsar, presseoppslag, brosjyreutsending og mykje meir. Les meir om resultata her. |
|
|
|
|
EVU-studium: Funksjonshemming og kyrkja |
På VID kan du i haust ta studium om kyrkja og funksjonshemming. Dette er eitt av fleire kurs for etter- og vidareutdanning, som var utlyst via Bispemøtet denne våren. Emnet manglar nokre få søkjarar for å starte opp til hausten, og difor er søknadsfristen utvida. |
|
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
|
Beredskap og tryggleik på leir |
Skal du arrangere leir i sommar? I ressursbanken finn du gode ressursar for beredskap, tryggleik, risikoanalyse og meir. |
|
| Samla i håp og ansvar i Genève |
På rådsmøtet i Det lutherske verdsforbundet (LVF) var kyrkjeleiarar frå heile verda samla til bøn, samtale og felles ansvar i ei uroleg tid. |
|
| Den norske kyrkja sin årsrapport for 2025 |
Den samla årsrapporten for Den norske kyrkja gjev innblikk i korleis den landsdekkjande folkekyrkja er der for alt livet byr på, både for eit lokalsamfunn og for den enkelte. Les heile rapporten her.
|
|
|
|
Dette er det siste tysdags-nyheitsbrevet som Kyrkjerådet sender ut på denne sidan av sommaren. Neste nyheitsbrev kjem 11. august og første allmøte er 26. august.
Gjennom sommaren vil det kome nyheitssaker på framsida av ressursbanken.no som kan vere relevante for tilsette. |
|
|
|
|