Jul er eit unikt høve til å vise fram alt det fine som skjer i kyrkja og inspirere fleire til å ta del i fellesskapen.
Fem tips for å dele julebodskapen i lokalavisa |
Jul er eit unikt høve til å vise fram alt det fine som skjer i kyrkja og inspirere fleire til å ta del i fellesskapen. Lokalavisene er ofte på jakt etter gode historier – og kyrkja har mange av dei! Ved å tipse lokalavisa om aktivitetar og menneske, kan du bidra til å spreie bodskapen om håp og fellesskap.
Kommunikasjonsdirektør Emil Engeset meiner lokalavisene er ein viktig kanal for å nå ut med bodskapen om håp og fred for alle menneske: – Journalistar er alltid på jakt etter nyheitssaker og gode historier. Lokalavisene vert lest av mange, og treng alltid forslag til saker frå sitt nedslagsfelt.
Det første tipset er å tipse om ein tilsett eller frivillig med ei unik historie. Kanskje du har ein kollega som gjer noko for første eller siste gang? Eller nokon som må ha sjåfør for å rekke over alt? |
|
|
|
Denne hausten har Den norske kyrkje satt i gang eit omfattande pilotprosjekt innan kunstig intelligens (KI). Piloten skal setje retning for vidare KI-satsing i kyrkja. Alle som er på Kirkens lokale skrivebord (KLS) har tilgang til Copilot Chat, ei trygg KI-løysing for tilsette. |
|
|
| Får støtte til kompetanseheving |
Kyrkjerådet deler ut midlar til auke kompetansen om funksjonshemma sine rettar. 19 kyrkjelydar eller fellesråd får støtte til dette arbeidet.
|
|
|
| Bli med å dele julevideo frå kyrkja |
I videoen følger vi ei sju år gamal jente i førebunigar til jul. Videoen kan du sjå på sosiale media, på kinoar og nett-TV med meir. For å skape mykje merksemd om bodskapen i jula og invitasjon til julegudsteneste, er det fint med alle som er med å deler videoen! |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Fordømmer Bondi Beach-terroren |
Kyrkjeleiarar uttrykkjer sorg og fordømming etter den grufulle terroren mot jødar i Australia. – Grusom terror, midt i ei religiøs feiring, seier preses. |
|
Første helga i desember vart Stig Lægdene vigsla til biskop i Nord-Hålogaland. Lægdene er den åttande biskopen i det nordligaste bispedømet, og han ønsker seg "ei kyrkje som er open for alle". |
|
Dei siste åra har det vore auke i innmeldingar i kyrkja blant unge, og mange tilsette erfarar at det er fleire unge til stades i gudstenesta. I neste års budsjett frå Kyrkjerådet er unge ei prioritert gruppe. |
|
|
|