Adobe Express er det nye designverktøyet for tilsette og frivillige i Den norske kyrkja. Det erstattar dagens verktøy som ligg på design.kyrkja.no.
Nytt designverktøy klart til bruk |
Adobe Express er det nye designverktøyet for tilsette og frivillige i Den norske kyrkja. Det erstattar dagens verktøy som ligg på design.kyrkja.no.
– Adobe Express er enkelt, fleksibelt og intuitivt å bruke. Her får du tilgang til plakatar, brosjyrer og anna materiell i Den norske kyrkja sin grafiske profil, som du enkelt kan redigere og tilpasse, seier kommunikasjonsdirektør Emil Engeset.
Kyrkjeverjen bestiller tilgang Id-web. Ein lisens er for ein tilsett, og det er ikkje mogleg å dele lisens. Men det er mogleg å dele prosjekt og samarbeide i programmet.
1. februar blir eksisterande prosjekt (malar som er tilpassa) sletta frå design.kyrkja.no. Om du vil bruke desse vidare i Adobe Express må du laste dei ned innan 31. januar. Les korleis her. |
|
|
|
Tvillingdåpen sette ny rekord |
Kva vart gjort for å skape merksemd om dåp i 2025? ein ny video, bilete av tvillingdåp og ein baby-app er blant høgdepunkta. Les om fem inspirerande resultat frå året som gjekk. |
|
|
| Bli med på HEL-konferansen! |
Konferansen vert arrangert 22. oktober på Lillestrøm, dagen etter Undervisningskonferansen. Temaet i år er «Livslang læring, rettar og inkluderande praksisar», med mål om å løfte fram korleis vi kan skape gode vilkår for læring gjennom heile livet – og korleis rettar og inkluderande tilnærmingar kan styrkje deltaking, tilgjengelegheit og kvalitet i praksis. |
|
|
| Varamedlemmer til soknerådet må registrerast i Brønnøysundregisteret |
///sak frå Trond///
Ny enhetsregisterlov frå 1. januar krev at varamedlemmer til styrer også skal registrerast. Det gjeld for sokneråd. |
|
|
| Nye videreutdanningskurs for prestar |
Åte vidareutdanningskurs for prestar er lyst ut, om alt frå preikeskriving, traumekompetanse og frivillig innsats. Fristen for å søkje studiestøtte og permisjon frå arbeidsgjevar er 15. mars. |
|
|
| Storslått vigsling i Jerusalem |
Imad Haddad er vigsla til ny biskop i Den norske kyrkja si søsterkyrkje, Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det hellige land. Oslo-biskop Sunniva Gylver kallar den nye biskopen klok, tydeleg og samlande. |
|
|
Drop-in-bryllaup kampanje 2026 – kommunikasjonswebinar Velkomen til webinar med inspirasjon, erfaringsdeling og innblikk i tilgjengelege ressursar i kommunikasjonsarbeidet. Webinaret går direkte 29. januar kl. 10.00 eller du kan sjå det i opptak.
Meld deg på her |
|
|
Fekk du med deg desse sakene? |
|
|
Denne veka er det "Bønneuka for kristen enhet". Det er ei global, tverrkyrkjeleg veke som starta for over hundre år sidan. Bli med å be for kristen einskap! |
| Bli med på intro-kurs om Meininga med meg |
5. og 6. februar er det introduksjonskurs for samtaleopplegget Meningen med meg. Kurset skjer i Oslo, og er gratis. Meld deg på før 21. januar. |
| Ny rettleiar om kopiering |
Det skjer mykje kopiering i Den norske kyrkja. Tekst, notar og bilete vert skrive ut og vist på storskjerm. Kva er lov og kva er ikkje lov? Les meir i ein ny rettleiar. |
|
|
|